Læringsmål

Du har kanskje høyrt læraren din seie: “Nynorsk er ikkje vanskeleg å bli god i!” Men det er du kanskje ikkje heilt einig i, eller så har du ikkje ambisjonar om å bli meir enn sånn passe god i sidemålet ditt.

Her vil du lære dei viktigaste reglane som kan hjelpe deg til å skrive heilt grei nynorsk. For å få til dette må du vere innstilt på å lære deg

  • dei tre vanlegaste verbtypane
  • fem vanlege sterke verb
  • regelrett hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsbøying
  • dei personlege pronomena som er forskjellige frå bokmål
  • eigedomsorda som er forskjellige frå bokmål
  • plassering av eigedomsord på nynorsk
  • spørjeorda på nynorsk